Produktinformasjon
Helle Jegermester er designa som namnet tilseier som ein stor jaktkniv.
Det massive handtaket i masurbjørk er karakterisert av den store magen, som gir eit godt grep når du arbeider med kniven over tid, anten det er slakting eller leirarbeid.
Fremst på skaftet er ein liten fingerstoppar.
Framplata i messing beskyttar eit av dei største blada i Helle sitt sortiment.
Bladet i 12C27 har ein lett konveks slip, noko som fører til at bladet glir enkelt gjennom mjukt materiale.
Jegermester kjem i ei slire i vegetabilsk farga svart lær med eit prega Gaupe-motiv og oppheng til belte.
Vekt: 140 g
Stål: Sandvik 12C27 - rustfritt stål
Bladtjukkelse: 2,8 mm
Bladlengde: 135 mm
Skaftmateriale: Masurbjørk og framplate i messing
Lengde handtak : 110 mm
Sliremateriale: Ekte vegetabilsk lær
Designår: 2001