Produktinformasjon
Kniven er lett, og skaftet har eit klassisk, ergonomisk snitt i skandinavisk stil med ein liten fingerstopp fremst.
Bladet er skinnande blankt og har skandinavisk sliping, noko som fører til at kniven er ein idèell følgesven på tur i fjellet.
I 2022 lanserte vi Fjellkniven i 12C27-stål − same design og kjensle, berre no med eitlags-stål i bladet.
Valet mellom 12C27 og H3LS (laminert) kjem an på korleis du ønskjer å bruke kniven din.
12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle.
Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål.
Kniven kjem i ei klassisk skandinavisk, cognac-farga lærslire.
Stål Sandvik: 12C27 rustfritt stål
Bladtjukkelse: 3,1 mm
Bladlengde: 101 mm
Konstruksjon: Stikktange
Skaftmateriale: Masurbjørk og framplate i rustfritt stål
Lengde handtak: 110 mm
Sliremateriale: Ekte vegetabilsk lær
Designer: Helle
Designår: 1994