Produktinformasjon
Modellen har eit kraftig handtak og passar for medium til store hender.
I framkant av det farga masurbjørkeskaftet finn ein to framplater i rustfritt stål som skapar stabilitet, styrke og får kniven til å skine.
Bladet er i 12C27 - eit rustfritt stål spesielt utvikla for knivar.
Buen på bladet har ein liten "drop" som gjer kniven ideell til både jakt og friluft.
Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær med Helle-logoen på og med hempe til oppheng i belte.
Modellen er oppkalla etter øya Alden, som er eit landemerke i havet utanfor Dalsfjorden.
Øya har i alle tider blitt brukt som eit navigasjonsmerke til sjøs, og på solskinsdagar skin den like klart som kniven.
Vekt: 145 g
Stål: Sandvik 12C27 - rustfritt stål
Bladtjukkelse: 3,0 mm
Bladlengde: 105 mm
Konstruksjon: Stikktange
Skaftmateriale: Masurbjørk, rustfritt stål, lær
Lengde handtak: 130 mm
Sliremateriale: Ekte vegetabilsk lær
Designer: Gunnar Lothe
Designår: 2009